Islandsk landslagsspelar klar for Sogndal

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for Kristinn Jónsson (f. 4. august 1990). Den islandske venstrebacken vert Sogndal-spelar ut sesongen 2017 i første omgang.

Annonse:

- Me er veldig glade for å ha Kristinn på plass hjå oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Kristinn går rett inn i gruppa, og er no på veg saman med sine nye lagkameratar til treningsleir på Gran Canaria. 

- Han gjorde eit veldig godt inntrykk då han kom og var med på treningar og spelte treningskamp mot Kristiansund sist helg. Han er ein type me vil ha med oss vidare, fortel Flo til sogndalfotball.no

Annonse fra Eliteserien:
Generalpartner
Hovedpartnere